tysdag 29. desember 2009

Takk for i år

Ja no nærmar det seg slutten for det herrens år 2009. I den anledning skal eg gi ein kort resymé av mitt eige liv gjennom året, sjølv om dette truleg er fullstendig uinteressant for dei fleste.

Januar-februar:
John Inge er på norgesturné med SAFE og vel å kollidere i krysset Uelandsgate og Waldemar Thranes gate i Oslo.

Mars:
John Inge vert overfalt av to fule kvinnemenneske som malar han i andletet og legg han på eit bord til spott og spe (datoen er her noko usikker).

April:

SAFE vert trekt ut til å vere med på "Fremtiden i norsk jazz" i regi av Norsk Jazzforum og får med det ein miniturné i Oslo og Arendal.
John Inge arrangerer, saman med resten av SAFE, pensjonistfest. Han bakar i den anledning si første fyrstekake, som held seg god og tørr i fleire veker.

Mai:
John Inge bryt sit første bein: Vesletåa. Dette set han midlertidig ut av spel.

Juni:
John Inge er på eittårstreff på Sund Folkehøgskule
John Inge legg saman med familien ut på tur nordover i landet, endestasjon Bodø.

Juli:
John Inge tek som vanleg turen til molde der han avtener si plikt som billettseljar.
John Inge tek turen til London (Farthinder) saman med Surlien og Rasten. Der får han oppleve sin store helt, Keith Jarrett.

August:
John Inge tek med høge forventingar til på Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås, dette som overnattingsgjest på golvet til Harold Sakarias.
John Inge rekk óg å få pressa inn ein tur til Inderøy i slutten av månaden saman med Surlien, noko han set stor pris på.

September:
Tid for Velg!09. John Inge tippar, men vinn ikkje.

Oktober:
John Inge er med å arrangere historias første MiljØLøp på Ås, noko som umiddelbart vert ein tradisjon.

November:
John Inge deltek på kyrkjekaffi på Bjørke.

Desember:
John Inge reiser til København midt i eksamensperioden og vert sjølvsagt arrestert for det (takk til dansk politi).
John Inge vel å feire jul også i år.

Det var eit lite omriss av John Inge sitt mangeslugne liv i løpet av eit år. Dersom det er noko de veit eg har utelete, er eg glad for innspel.

GODT NYTT ÅR!

måndag 14. desember 2009

Frå godgut til lømmel

Eg har alltid trudd eg er ein rimeleg grei og kjekk kar. Eg tok visst feil, eg er ein lømmel.



Kva skjedde på vegen?
-------->

søndag 6. desember 2009

måndag 2. november 2009

Kva har Bjøringsøy gjort?

Ja det kan de godt spørje dykk om.. Sett vekk frå små drypp, har ikkje Bjøringsøy røpa noko om sin livsførsel sidan byrjinga av september. Uhørt!

Så her kjem litt så de kan kose dykk med ei stund:

Dei oppvakte og gløgge av dykk har vel fått med seg at han held hus på Ås. Hus og hus, fru Blom, seier vel nokre, men hus er det.

På Ås har han funne seg godt til rette og prøvar å studere så hardt han kan. For tida går det i matematikk, ex.phil, mikroøkonomi og zoologi.

Neste haust brakar det laust med UKA i Ås 2010 med dertilhøyrande UKErevyen. Der har Bjøringsøy vore så heldig at han har fått jobben som klangsjef, altså ansvarleg for at revyen har eit orkester og ein musikk. Dette gledar han seg over, og det vil nok kome fleire oppdateringar etterkvart som arbeidet skrid fram.

Elles vert det Københavntur i desember i høve klimatoppmøtet som skal vere der. Det vert vel stas. Ja.

I helga var det heimtur. Då vart det både fårikål, hjortegryte og det som verre er. Det heile vart sjølvsagt toppa med kyrkjekaffi på bedehuset.

Då får det vel vere nok for denne gong. Eventuelle spørsmål kan meldast inn enten via post (PB 1025, 1432 ÅS) eller via elektronisk post (johningen@gmail.com)

Takk.
Arkivbilete

tysdag 20. oktober 2009

Apropos apropos skog: Ut/inn i naturen

Er denne etande tru?

Freistnaden vart for stor.

PS. Kvifor heiter det ut i naturen og ikkje inn?

søndag 18. oktober 2009

søndag 4. oktober 2009

Skog

Kvifor er ikkje fleire i skogen? Det er så sabla bra i skogen.

laurdag 26. september 2009

Skigardsvise

Heilt innåt skogen står der ein skigard mosegrodd og grå
han er til nedfalls og søkk i saman, men som eit minnesmerke her han står,
ein gong var dette eit viktig stengsel som verna åkeren mot krøtterfot.
Ein skigard kankje vara evig veit du, kan aldri vara evig.

Ein gammal skigard som står og vitnar om ei svunnen tid,
det er ei soge om gammal storheit, kamp mot naturen, kamp som er forbi.
No vert det kjempa på andre frontar, men nye skigardar det har me lell.
Ein skigard kankje vara evig veit du, kan aldri vara evig.

Kva er ein skigard? Ein skigard er så mange rare ting.
Ei rad med stokkar sett som eit gjerde, eller eit stengsel i ditt eige sinn.
Ein gammal fordom, eit raseskille, hat og misunning eller aversjon.
Ein skigard kankje vara evig veit du, kan aldri vara evig.

Kvar du så snur deg det er ein skigard mellom før og nå.
Ein skigard er som ei landegrense, ein skigard er eit stengsel for dei få.
Eit hat i hjarta, eit klasseskille, ein sjalusi, ein uvisshet, ein krig.
Ein skigard kankje vara evig veit du, kan aldri vara evig.

Har du ein skigard? Å jau, du har nok ein for alle har,
ein ting ein gjerne vil stengja ute, ein ting ein ikkje syna vil ein kvar,
men desse stengsler treng ikkje vara, ein skigard kan du kliva om du vil.
Ein skigard kankje vara evig veit du, kan aldri vara evig.

måndag 21. september 2009

Lagnaden


han er slik laga, lagnaden
at han slepp ikkje taket
om du ber han

men slepp når han sjølv vil

søndag 20. september 2009

måndag 14. september 2009

Velg!09

I dag er det valdag seier dei. Ja då må eg benke meg og følgje med om laget mitt vinn.
Det er vel ikkje sannsynleg. Men vi får sjå.

Medan de ventar, vil eg anbefale Linda Eide si framstilling av telefonkioskaksjonen på Bjørke!
http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/183083

Hoppsann!

tysdag 8. september 2009

Litt av kvart

No nærmar det seg jul sa mannen.
Nei det gjer ikkje det.
Det er framleis nokre månader igjen.

Javel.
Men når det kjem til stykket er det vel ikkje så nøye med det?


Eg har vel andre ting å bekymre meg for?


Ja det kan du banne på!

måndag 7. september 2009

tysdag 1. september 2009


Ja då var haustsemesteret i gong. I den anledning vil eg legge mitt nyaste prosjekt ut til offentleg ettersyn slik at alle får anledning til å gi innspel før det vert satt ut i livet.

Eg har kalt prosjektet "John Inges Favorittar" og det er ei samleplate.
Her kjem den foreløpige utgåva:

1. Tenne på musikk (Halvdan Sivertsen)
2. De er trygge til jul i Sauda (Henning Sommero)
3. Slak line (Kirsten Bråten Berg)
4. Når bonden har det vondt (Hans Rotmo)
5. Lukkeleg fyr (Olav Stedje)
6. Som å kome heim (LoMsk)
7. I love norwegian country (Bjøro Håland)
8. Engler i sneen (Jonas Fjeld & Lynni Treekrem)
9. Fremtida e vårres (Dag Kajander m. fl.)
10. Gammal drøm (Bjørn Eidsvåg)
11. Moder jord er sprøytenarkoman (Hans Rotmo)
12. Om du fér forbi (Olav Stedje)
13. Heile livet (Terje Tysland & Claudia Scott)
14. Skigardsvise (Stanley Jacobsen)
15. Vi vandrar saman (Olav Stedje)
16. Høre tell på jorda (Halvdan Sivertsen)

Noko grunngjeving for valet av songar eller rekkjefølga vil eg ikkje gi meir enn at det er songar eg likar å høyre kome etter kvarandre på ein cd.

måndag 31. august 2009

God tid

Tilfeldig dame på "Velg! 09"-sending på NRK:
"Jeg synes vi skal åpne for oljeboring i lofoten, så får vi ta det med miljøet når den tid kommer.."

søndag 30. august 2009

Den satt som eit skudd



"Hundretusen sprøytevogner dusjer
bonden e blitt pusher
moder jord e sprøytenarkoman,
moder jord e sprøytenarkoman"
- Hans Rotmo

torsdag 27. august 2009

Verr-varsel

"Verre enn verst", sa mannen.

"Men er ikkje verst verre enn verre?", seier du.

Eg synest véret har vore ganske stabilt i det siste eg.
Men det skal du ikkje ta for god fisk nei!
Neivel, då får eg vel lage grønnsaksuppe.

Dette var vel ikkje verdt fem flate øre.
Tette øyrer, sa du?
Ja det har eg nok av.

søndag 23. august 2009

Visste du at? - Hat-trick

Visste du at:

- Det tek meir enn hundre år og bygge opp eit centimetertjukt lag av humus, men mindre enn ti år å bryte det ned med kunstgjødselbasert kjemisk landbruk?

- Uttrykket "å kjøpe katta i sekken" truleg skriv seg frå ei historie om Till Eulenspiegel (1300-talet) som sydde ein katt inn i eit hareskinn, la den i ein sekk og selde den som ein hare?

- Bendelormen som infiserer menneske (Dibothriocephalus latus) kan verte 3-10 meter lang?


Kjelder: "Et levende mangfold -Om biodynamisk Jord- og Hagebruk (Berit Sween)", "Bevingede Ord (S. Evensberget og D. Gundersen)" og "Det zoologiske mangfoldet (Eline B. Hågvar)".

fredag 21. august 2009

Bjøringsøy har forlete reiret.

Så tok endeleg den unge Bjøringsøy turen frå dei trygge omgivnadane i Hjørundfjorden*.
Skjebna ville det slik at han skulle havne i "agrarmetropolen" Ås som student ved Universitetet for Miljø- og Biovitenskap (UMB), tidlegare Norges Landbrukshøgskole (NLH). Etter å ha sove på stovegolvet til ymse bekjente, fekk han omsider innpass i det sagnomsuste Pentagon (her var UMB før ute med namnet enn USA), nærare bestemt Løa.



Her ser ein at Bjøringsøy har funne seg til rette på rommet.

Ein dag skulle Bjøringsøy vere sosial og gå ut på konsert med SkamBankt på samfunnet. Då slo det til med ei skikkeleg haglbyge med lyn og torden og mobiltelefonen hans strauk med. Dette førte til at han (noko motvillig) dagen etter måtte ta turen til storbyen for å handle inn nytt utstyr. Heldigvis var Surlien så storsinna at han tok hand om stakkars Bjøringsøy så han ikkje vart utsett for bakholdsangrep.

Elles har dei eit fint økolag på Ås som har laga ein hage i umiddelbar nærleik til Pentagon, kalla Karusellen. Der tenkte Bjøringsøy han skulle vere raus og by på si arbeidskraft og luke brennesler (på inste Hjørundfjord-dialekt "brennjenå/øt") i bedda. Til tross for aktiv hanskebruk måtte han slite med svidde hender resten av kvelden.

Forresten er eit godt kjerringråd mot brenneslesvie å gni såret med fuktig jord.

Det får vel vere nok for denne gong.




*Hjørundfjorden var tidlegare eiga kommune med i ei årrekke Johannes Bjøringsøy (Farfar åt John Inge Leira Bjøringsøy, red.amn) som ordførar, men vart i 1964 til store protestar slått saman med Vartdal og Ørsta til noverande Ørsta kommune.

tysdag 21. juli 2009

Endeleg.

Ja no har bloggturka mi vart i snart to månader. Dette er vel for gale seier du. Ja det kan eg skrive under på. Eg har lenge hatt lyst til å skrive blogginnlegg om dei store spørsmåla. Rette eit kritisk lys mot samfunnet vi lever i og så bortetter. Men sidan eg tydeligvis ikkje er laga for slikt, får eg skrive om dei små tinga, til dømes marssvinet Wilma.




Eg har fått i oppdrag å passe søskenbarnet mitt, Håvard, sitt marssvin Wilma. Wilma er ganske skvetten av seg. Ho er ikkje veldig glad i fysisk kontakt. Men hvis ein lurer ho og snik seg innpå bakfrå, får ein klappe ho på ryggen, noko som resulterer i høglydt maling. Elles er Wilma glad i høy og agurk. Til å begynne med hadde ho eit lite skjul inne i buret sitt, heilt til vi fann ut at det skulle hengast på utsida med høy i. Marssvin tóler ikkje kiwi og kål.

Men eg har ikkje berre passa marssvin i sommar. Eg har óg vore på tur i Nordland. Der traff eg nokre sauer.



Så var eg på Moldejazz, det var særs trivelig. Høgdepunktet må vere konsert med Daniel Herskedal og Leonard Cohen (ikkje saman). Elles vil eg rette ei stor takk til dei trivelige og sympatiske Oikos-jentene som ga meg (og andre) økologisk knekkebrød. Slike skulle det vore fleire av.

Jaja.

tysdag 9. juni 2009

Innleggsturke

Mange av dykk ventar kanskje på eit nytt spanande innlegg. Då må eg berre be dykk om å smørje dykk med tolmod. Inspirasjonen er ikkje på topp, men det er i kjømda.

Imedan de ventar kan eg orientere om tåa mi: Eg gjeng framleis på krykkjer, men sannsynlegvis gjeng alt etter planen og eg kan gå om to vekers tid.


For å gjere ventetida endå kortare legg eg ut eit artig bilete av meg og nokre krokodiller.

fredag 29. mai 2009

Farvel Inderøy

Ja då var det siste kvelden på Sund for denne gong. Takk for eit fantastisk år! Skjønar ikkje heilt alvoret i situasjonen her eg hinkar rundt og prøvar å pakke, men når eg kjem heim å får roa på meg tenkjer eg den ellers så kaldblodige Bjøringsøy fell ei tåre eller to..

søndag 24. mai 2009

Vesletåa mi



Denne gongen hadde eg planlagt lenge at eg skulle skrive eit innlegg med politisk bodskap. Eg skulle skrive om nedbygging av matjord kontra storstilt utbygging av kjøpesenter, og hadde gjort ein bråtemasse research på førehand. Men så vart eg litt vel ivrig når eg skulle springe berrføtt ut frå rommet mitt og kom til å bryte vesletåa på venstre fot. Så eg vel å spare samfunnskritikken til seinare, og held meg til mitt trivielle beinbrot.

Det tok som sagt til med at eg sprang på dørkarmen og slo tåa mi. Dette førte til at eg vart liggjande på golvet og bere meg åt. Så kom eg på at her kan eg vel ikkje ligge, og hinka meg inn på rommet. Etter å ha betrakta tåa når den verste smerta hadde gitt seg, kom eg til at den hadde ein eigendomleg utsjånad. Her var det fare på ferde..

Eg hinka meg ut i hallen og fekk auge på Braut. Ho er såpass ansvarleg at eg tenkte ho kanskje hadde råd å gi, så eg prøvde å stoppe ho. Men Braut tok meg ikkje alvorleg og sprang og peikte nase med meg haltande bak. Etter å endeleg ha fått stoppa ho, var ho veldig travelt oppteken, og ba meg ringe tilsynstelefonen, noko eg gjorde like etter.

Det førte meg fram til kokkelærlingen på kjøkenet som gav meg eit plaster og ein klapp på skuldra. Jaja, det gjeng vel over, tenkte eg og sette meg i hallen. Så kom Hefre og Øvre Helland til staden. Begge kunne konstatere at tåa ikkje såg ut som ho burde, så Øvre Helland sette i gong ein storstilt aksjon for å finne is å legge på. Til slutt kom ho med sjølvaste rektor Stenvig. Han gjorde ei rask kartlegging av situasjonen og gav ein detaljert plan for dei neste fire timane: Sitte med foten i vasken og kjøle ned tåa i rennande vatn til saman ein time, med intervall på ti minutt. Så eventuelt reise til legevakta dersom smertene ikkje hadde gitt seg. Og gå på krykker.

Så var det kveldsmat. Etter kveldsmat ringte eg til legevakta på Levanger og fekk beskjed om å kome i halv ti-tida. Halv ni var det konsert med Collectric Elective. Eg avtalte med Buverud (som spelar i Electivet) at han skulle køyre meg til Levanger etter konserten. Men når klokka nærma seg ti over ni, var konserten endå ikkje ferdig (det tek 25 minutt å køyre til Levanger). Bjøringsøy tok det heile med stoisk ro, medan Braut tok til å verte nervøs og tok han med ut på gangen. Ho tenkte ho skulle gjere opp for seg og skaffa bil og ville køyre han til sjukehuset. Etter litt problem med eit bensinlokk på Røra, var dei endeleg på veg til legevakta.

Når dei kom fram vart Bjøringsøy akkurat ropt opp. Så var det i gang, han vart sendt frå lege til røntgen til kirurgisk poliklinikk, heile tida med Braut på slep (eller var det kanskje omvendt..).

På siste stopp for dagen fekk dei sjå røntgenbilete (sjå Brautses blogg) og det viste seg at tåa var brota. Denne gongen måtte Braut sitte igjen medan Bjøringsøy vart med den litt ferske og nervøse legen inn på eit anna rom der det heile gjekk føre seg. Han fekk lokalbedøvelse i tåa og legen (under veiledning av "live" røntgenbilete) drog tåa ut, fekk den på plass og teipa den fast.

Så då har eg brote mitt første bein. Det er eg ganske stolt av.


Slik ser det ut når Solbu vikarierer for meg i indisk dans
(der eg skulle vere stjerna og midtpunkt).

søndag 17. mai 2009

Hurra!

Dette er Bjøringsøy som har fått eit gullbrød.

Øvre Helland og Braut har siste tida vore heller lite snille mot Bjøringsøy. Dei har plaga han over lang tid, og det heile kulminerte i at dei teipa han fast og mala han i andletet. Mot all formodning viste det seg likevel at dei to har eit samvit, så dei bestemte seg for å vere snille mot Bjøringsøy ein heil dag. Då fekk han både eit gullbrød og to marsipanroser for å bøte på skadene. Dette tykte Bjøringsøy var veldig god oppreisning for den urett som var voldt han, og tilgav dei begge umiddelbart.

Kanskje ikkje så lurt å tilgi desse to?

tysdag 12. mai 2009

søndag 10. mai 2009

Fyrstekake, foreldre og idyll


Eg har laga mi første fyrstekake. Det var veldig mykje enklare enn eg hadde trudd. I tillegg smakte den betre enn alle andre fyrstekaker eg har smakt til no. Dette fortener eit bilete av ein som er glad i fyrstekake og som veit å finne fram på eit Guatemalakart.




I går var det familiedag på folkehøgskulen. Sidan eg ikkje hadde
besøk av egne foreldre, mora eg meg med å observere andre sine.
Her er eit bilete av foreldre som nyt synet av sine håpefulle i fri utfoldelse.




På folkehøgskulen kan det vere ganske idyllisk. Spesielt no når det nærmar seg sumaren.
Kor idyllisk er det ikkje å ha piknik på graset i sola (og ete rester av fyrstekake)?


Kor idyllisk er det ikkje å synge protestsongar på spansk akkompagnert av kassegitar?


Jau.

søndag 3. mai 2009

Skjør?

Eg ser for meg at kvar gong nokon les bloggen min tenkjer dei for seg sjølv; "Kvifor i alle dagar har denne halvgode bloggen tittelen 'Skjør!'?". Hadde eg vore ein utanforståande hadde eg vel tenkt det same. Dei fleste som har vore med frå byrjinga har forhåpentlegvis fått med seg at eg ikkje viser til adjektivet skjør, men nemninga skjør for surmjølk eller kefir. "Kva er så spesielt med det?", tenkjer vel du no. Ja då vert eg svar skyldig. Det er vel ikkje noko spesielt med dette ordet anna enn at det er eit av mine favorittord. Eg har trudd at dette var eit dialektord, men no ser eg at det stend oppført i ordboka. Kanskje nokon har andre variantar av dette ordet?

Elles kan eg vel ta med eit "bevinga ord" frå den nyerverva boka mi "Bevingede ord - 12000 littærere sitater, historiske ytringer, ordtak, talemåter, sentenser og fyndord".

Absque sudore et labore nullum opus perfectum est (uten svette og strev blir intet arbeid fullført)

onsdag 29. april 2009

Våren


Ja no er våren komen. Då er det på tide å rive seg laus frå godstolen og kome i form igjen etter vinteren. Døme på aktivitetar er strikkhopping (som du ser her) og kubb. Eg er ikkje nokon driven hoppar, så når eg skal kose meg og mosjonere vert det helst til at eg tek fram kubbane.

Bjøringsøy
i aksjon
Andre aktivitetar ein kan bedrive er gitarspeling.
Men då må gitaren gjerne vere heil. Når det gjeld musisering er det vel pianoet eg taklar best. Der har eg bestemt meg for å ta opp igjen gamle kunster på den klassiske fronten, sidan denne jazzen har forpesta mine fingrar.



Sidan våren er her så tek det vel til å nærme seg sommaren òg. I sommar skal eg gå mykje på fjellet. Mjølke geiter skal eg og gjere. Samt lese bøker, vere kyrkjeorganist og fiske. MEN: Når sommaren nærmar seg, nærmar også siste dag på Inderøya seg, noko som heilt sikkert kjem til å verte svært svært trist og vemodig. Derfor får eg gjere det beste ut av tida som er igjen og spele kubb for harde livet.


Hastverk er lastverk, sa snigelen, han brukte tre dagar på å kravle over dørstokken og datt til slutt ned og braut eit lårbein.



måndag 20. april 2009

fredag 17. april 2009

torsdag 16. april 2009

Ordspråk


Sidan eg har gått til innkjøp av eit flunkande nytt ordspråkleksikon, skal eg starte ein ny føljetong her på Skjør. Dagens ordspråk.
I dag:
"Jaja sa mannen, og så sa han ikkje meir den dagen".

tysdag 14. april 2009

Stopp Goliat!


Dette er ein veldig fin banner. Eg har mala enkelte av bokstavane. Den banneren freistar å gje ein bodskap om at me ikkje må finne på å bore etter olje lenger nord enn vi har gjort hittil. Eg tykkjer banneren seier det på ein bra måte.


Dette er Ingvild. Ho er veldig flink til å protestere mot oljeboring og andre ting. Men ho er også god på det som ikkje har med protestering å gjere, til dømes likar ho å ta bilete med kameraet sitt og er flink å synge.

Dette er Hallvard. Han er óg flink til å protestere mot oljeboring. Han er ofte å finne i Inderøyningen og andre aviser. Likeeins som Ingvild, er Hallvard flink til andre ting. Han er svært dyktig til å få glasbrot i auget. Hallvard har også nettopp lært seg å spele piano, noko han har stor glede av. Han har eit piano i fjøsen som ikkje er ein fjøs.

Nyttige lenkjer:
Argument mot olje i nord
www.stoppgoliat.no
Folkeaksjonen oljefritt Lofoten og Vesterålen


måndag 6. april 2009

Dagens ord: Fjondre

No er det lenge sidan sist eg presenterte eit dialektord. I dag har eg valgt ut ordet "fjondre". Nok ein gong eit ord eg ikkje har høyrt andre stadar enn i heimen (noko som sjølvsagt nødvendigvis ikkje betyr at det ikkje vert brukt av andre). "Fjondre" vert brukt t.d. når ein unge skal legge seg, men har masse små, unødvendige ting han skal gjere før han kjem til det å legge seg. Då er desse små "aktivitetane" "fjondre" (merk: "fjondre" er fleirtalsform og såvidt som eg veit vert det ikkje brukt i eintal). "Du he so mykje fjondre føre dej, so no kjøme me vel forseint te rutebåten!". Andre tydingar av ordet er velkomne!

fredag 3. april 2009

Vår, ved og varme


Ja no nærmar det seg våren.
Med våren kjem varmen.
Vil vi ha varme høgg vi ved.
Høgg vi ved vert vi varme.
Slik er visa.

Tida vil vise.
Kven som vert varmast.
Av veden og meg.


tysdag 17. mars 2009

Avis

Eg tykkjer det er kjekt å lese i avisa. Der kan eg lese mykje rart. Både slikt som eg ikkje likar og slikt som eg jublar for. Av og til er det óg noko eg ikkje forstår. Det kjekkaste er å lese lesarinlegg der skribenten er einig med meg. Då sit eg og smiler medan eg les avisa. Skulle ønske eg skreiv lesarinnlegg oftare, då eg er ueinig med det meste som kjem på trykk.

onsdag 11. mars 2009

Ja takk, begge delar


Økologisk eller rettferdig? Biologisk-dynamisk eller kortreist? Bærekraft eller utvikling? Tradisjonar eller nyskaping? By eller land? Nasjonalisering eller globalisering?

måndag 2. mars 2009

Me skal koma, um inkje so braadt



Dei vil alltid klaga og kyta,
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer,dei tarv ikkje syta:
me skal koma, um inkje so braadt.

Ja, det skyt ikkje fram,so det dunar
(som no ingen kann undrast uppaa);
men det munar daa jamt, ja det munar,
so det stundom er Hugnad aa sjaa.
(utdrag)

Ivar Aasen

søndag 1. mars 2009

Dagens ord: Ålkestøyte


"Anj snubla so anj hildt på å ålkestøyte sej!"
Dette ordet vert hyppig brukt innafor husets fire veggar i Jensagarden, men eg har ikkje høyrt det frå nokon andre. Eg kan heller ikkje finne det i "Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"".
Kan det ha noko med fuglen alke å gjere? Kanskje er den spesielt ustø og dersom ein snublar, støyter ein seg bortover som ein alke.

fredag 20. februar 2009

Takk som byr

Og så var det mannen som var tapt bak ein stol.
Kona var fødd bak ei låvedør.
Likevel hadde dei tre born som ikkje svetta over maten.
Ein kan ikkje koke suppe på slektskap

torsdag 19. februar 2009

Dagens ord: Ofjelge/Ofjelgt


Når ein føler seg "ofjelge", så er ein litt uvel, eller redd. Dersom noko er "ofjelgt", så er det skummelt eller ekkelt. "Hanj va so sente at ej vart rett ofjelge". Ej syns det e ofjelgt å vere borti stabbura åleine ti mørkna".

torsdag 12. februar 2009

tysdag 10. februar 2009

torsdag 5. februar 2009

Dagens ord: Øje


Når eg finn meg sjølv midt i Oslo i snøfók, medan eg prøvar å finne veien med bil i eit myriader av gater, bilar og hurtiggåande byfolk, tenkjer eg på fjella heime i fjorden. Der har ein allverda med tid til å bestemme kva veg ein vil gå og det er inga skam å snu. Ingen lyskryss eller for seine feltskifte.

Og på fjellet kan det vere svært øje!

fredag 30. januar 2009

Å kalle eit spadetak for takspade



Eg har vore på Noregs geografiske midtpunkt. Mange stadar har gjennom tidenes løp prøvd å utrope seg sjølve som Noregs midtpunkt. Men dersom ein skal følgje internasjonale spelereglar for korleis ein reknar ut slikt, endar ein opp med eit punkt ved Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark i Steinkjer kommune. Der ligg Noregs arealtyngdepunkt, altså der du må halde fingeren for å balansere Noreg (med dertilhøyrande øyar).




Så kva finn ein på Noregs midtpunkt? Jau etter å ha gått i timesvis longs ein takpappbelagt bjelke, så finn du ein bauta med ein plakett, samt ei spade hengjande på ein staur.