fredag 30. januar 2009

Å kalle eit spadetak for takspade



Eg har vore på Noregs geografiske midtpunkt. Mange stadar har gjennom tidenes løp prøvd å utrope seg sjølve som Noregs midtpunkt. Men dersom ein skal følgje internasjonale spelereglar for korleis ein reknar ut slikt, endar ein opp med eit punkt ved Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark i Steinkjer kommune. Der ligg Noregs arealtyngdepunkt, altså der du må halde fingeren for å balansere Noreg (med dertilhøyrande øyar).




Så kva finn ein på Noregs midtpunkt? Jau etter å ha gått i timesvis longs ein takpappbelagt bjelke, så finn du ein bauta med ein plakett, samt ei spade hengjande på ein staur.

måndag 19. januar 2009

Dagens ord: Tykjeliv

Tykjeliv er eit anna fint ord. Slik eg forstår ordet, tyder det styr, oppstyr eller noko i den dur.
"Dei hildt eit forferdele tykjeliv!"

søndag 18. januar 2009

Dagens ord: Våbolk

Våbolk er eit ord eg berre brukar når eg er heime og pratar med mor og far. Det tyder noko slikt som ein person som er brautande eller gjer noko utagerande eller overilt.
Endå betre er det å bruke våbolkestellj. "Måkje drive noke våbolkestellj då!", kan mor seie når eg skal på fjellet eller ut i båt.

Skjør?

Kva er skjør? Skjør kan vere så mangt, men eg siktar vel helst til meieriproduktet. Dei fleste kallar det vel surmelk eller kulturmelk eller kefir. Men på søre sunnmøre kallar vi det altså skjør, helst med ropeteikn: Skjør! Uttalen er noko sånt som: sjkjør. Dette er eit av mine favorittord/uttrykk saman med ja, nei og andre. Kanskje eg skal ha eit ord/uttrykk-som-eg-likar-tema. Ja det skal eg.