onsdag 29. april 2009

Våren


Ja no er våren komen. Då er det på tide å rive seg laus frå godstolen og kome i form igjen etter vinteren. Døme på aktivitetar er strikkhopping (som du ser her) og kubb. Eg er ikkje nokon driven hoppar, så når eg skal kose meg og mosjonere vert det helst til at eg tek fram kubbane.

Bjøringsøy
i aksjon
Andre aktivitetar ein kan bedrive er gitarspeling.
Men då må gitaren gjerne vere heil. Når det gjeld musisering er det vel pianoet eg taklar best. Der har eg bestemt meg for å ta opp igjen gamle kunster på den klassiske fronten, sidan denne jazzen har forpesta mine fingrar.



Sidan våren er her så tek det vel til å nærme seg sommaren òg. I sommar skal eg gå mykje på fjellet. Mjølke geiter skal eg og gjere. Samt lese bøker, vere kyrkjeorganist og fiske. MEN: Når sommaren nærmar seg, nærmar også siste dag på Inderøya seg, noko som heilt sikkert kjem til å verte svært svært trist og vemodig. Derfor får eg gjere det beste ut av tida som er igjen og spele kubb for harde livet.


Hastverk er lastverk, sa snigelen, han brukte tre dagar på å kravle over dørstokken og datt til slutt ned og braut eit lårbein.



måndag 20. april 2009

fredag 17. april 2009

torsdag 16. april 2009

Ordspråk


Sidan eg har gått til innkjøp av eit flunkande nytt ordspråkleksikon, skal eg starte ein ny føljetong her på Skjør. Dagens ordspråk.
I dag:
"Jaja sa mannen, og så sa han ikkje meir den dagen".

tysdag 14. april 2009

Stopp Goliat!


Dette er ein veldig fin banner. Eg har mala enkelte av bokstavane. Den banneren freistar å gje ein bodskap om at me ikkje må finne på å bore etter olje lenger nord enn vi har gjort hittil. Eg tykkjer banneren seier det på ein bra måte.


Dette er Ingvild. Ho er veldig flink til å protestere mot oljeboring og andre ting. Men ho er også god på det som ikkje har med protestering å gjere, til dømes likar ho å ta bilete med kameraet sitt og er flink å synge.

Dette er Hallvard. Han er óg flink til å protestere mot oljeboring. Han er ofte å finne i Inderøyningen og andre aviser. Likeeins som Ingvild, er Hallvard flink til andre ting. Han er svært dyktig til å få glasbrot i auget. Hallvard har også nettopp lært seg å spele piano, noko han har stor glede av. Han har eit piano i fjøsen som ikkje er ein fjøs.

Nyttige lenkjer:
Argument mot olje i nord
www.stoppgoliat.no
Folkeaksjonen oljefritt Lofoten og Vesterålen


måndag 6. april 2009

Dagens ord: Fjondre

No er det lenge sidan sist eg presenterte eit dialektord. I dag har eg valgt ut ordet "fjondre". Nok ein gong eit ord eg ikkje har høyrt andre stadar enn i heimen (noko som sjølvsagt nødvendigvis ikkje betyr at det ikkje vert brukt av andre). "Fjondre" vert brukt t.d. når ein unge skal legge seg, men har masse små, unødvendige ting han skal gjere før han kjem til det å legge seg. Då er desse små "aktivitetane" "fjondre" (merk: "fjondre" er fleirtalsform og såvidt som eg veit vert det ikkje brukt i eintal). "Du he so mykje fjondre føre dej, so no kjøme me vel forseint te rutebåten!". Andre tydingar av ordet er velkomne!

fredag 3. april 2009

Vår, ved og varme


Ja no nærmar det seg våren.
Med våren kjem varmen.
Vil vi ha varme høgg vi ved.
Høgg vi ved vert vi varme.
Slik er visa.

Tida vil vise.
Kven som vert varmast.
Av veden og meg.