fredag 29. mai 2009

Farvel Inderøy

Ja då var det siste kvelden på Sund for denne gong. Takk for eit fantastisk år! Skjønar ikkje heilt alvoret i situasjonen her eg hinkar rundt og prøvar å pakke, men når eg kjem heim å får roa på meg tenkjer eg den ellers så kaldblodige Bjøringsøy fell ei tåre eller to..

søndag 24. mai 2009

Vesletåa mi



Denne gongen hadde eg planlagt lenge at eg skulle skrive eit innlegg med politisk bodskap. Eg skulle skrive om nedbygging av matjord kontra storstilt utbygging av kjøpesenter, og hadde gjort ein bråtemasse research på førehand. Men så vart eg litt vel ivrig når eg skulle springe berrføtt ut frå rommet mitt og kom til å bryte vesletåa på venstre fot. Så eg vel å spare samfunnskritikken til seinare, og held meg til mitt trivielle beinbrot.

Det tok som sagt til med at eg sprang på dørkarmen og slo tåa mi. Dette førte til at eg vart liggjande på golvet og bere meg åt. Så kom eg på at her kan eg vel ikkje ligge, og hinka meg inn på rommet. Etter å ha betrakta tåa når den verste smerta hadde gitt seg, kom eg til at den hadde ein eigendomleg utsjånad. Her var det fare på ferde..

Eg hinka meg ut i hallen og fekk auge på Braut. Ho er såpass ansvarleg at eg tenkte ho kanskje hadde råd å gi, så eg prøvde å stoppe ho. Men Braut tok meg ikkje alvorleg og sprang og peikte nase med meg haltande bak. Etter å endeleg ha fått stoppa ho, var ho veldig travelt oppteken, og ba meg ringe tilsynstelefonen, noko eg gjorde like etter.

Det førte meg fram til kokkelærlingen på kjøkenet som gav meg eit plaster og ein klapp på skuldra. Jaja, det gjeng vel over, tenkte eg og sette meg i hallen. Så kom Hefre og Øvre Helland til staden. Begge kunne konstatere at tåa ikkje såg ut som ho burde, så Øvre Helland sette i gong ein storstilt aksjon for å finne is å legge på. Til slutt kom ho med sjølvaste rektor Stenvig. Han gjorde ei rask kartlegging av situasjonen og gav ein detaljert plan for dei neste fire timane: Sitte med foten i vasken og kjøle ned tåa i rennande vatn til saman ein time, med intervall på ti minutt. Så eventuelt reise til legevakta dersom smertene ikkje hadde gitt seg. Og gå på krykker.

Så var det kveldsmat. Etter kveldsmat ringte eg til legevakta på Levanger og fekk beskjed om å kome i halv ti-tida. Halv ni var det konsert med Collectric Elective. Eg avtalte med Buverud (som spelar i Electivet) at han skulle køyre meg til Levanger etter konserten. Men når klokka nærma seg ti over ni, var konserten endå ikkje ferdig (det tek 25 minutt å køyre til Levanger). Bjøringsøy tok det heile med stoisk ro, medan Braut tok til å verte nervøs og tok han med ut på gangen. Ho tenkte ho skulle gjere opp for seg og skaffa bil og ville køyre han til sjukehuset. Etter litt problem med eit bensinlokk på Røra, var dei endeleg på veg til legevakta.

Når dei kom fram vart Bjøringsøy akkurat ropt opp. Så var det i gang, han vart sendt frå lege til røntgen til kirurgisk poliklinikk, heile tida med Braut på slep (eller var det kanskje omvendt..).

På siste stopp for dagen fekk dei sjå røntgenbilete (sjå Brautses blogg) og det viste seg at tåa var brota. Denne gongen måtte Braut sitte igjen medan Bjøringsøy vart med den litt ferske og nervøse legen inn på eit anna rom der det heile gjekk føre seg. Han fekk lokalbedøvelse i tåa og legen (under veiledning av "live" røntgenbilete) drog tåa ut, fekk den på plass og teipa den fast.

Så då har eg brote mitt første bein. Det er eg ganske stolt av.


Slik ser det ut når Solbu vikarierer for meg i indisk dans
(der eg skulle vere stjerna og midtpunkt).

søndag 17. mai 2009

Hurra!

Dette er Bjøringsøy som har fått eit gullbrød.

Øvre Helland og Braut har siste tida vore heller lite snille mot Bjøringsøy. Dei har plaga han over lang tid, og det heile kulminerte i at dei teipa han fast og mala han i andletet. Mot all formodning viste det seg likevel at dei to har eit samvit, så dei bestemte seg for å vere snille mot Bjøringsøy ein heil dag. Då fekk han både eit gullbrød og to marsipanroser for å bøte på skadene. Dette tykte Bjøringsøy var veldig god oppreisning for den urett som var voldt han, og tilgav dei begge umiddelbart.

Kanskje ikkje så lurt å tilgi desse to?

tysdag 12. mai 2009

søndag 10. mai 2009

Fyrstekake, foreldre og idyll


Eg har laga mi første fyrstekake. Det var veldig mykje enklare enn eg hadde trudd. I tillegg smakte den betre enn alle andre fyrstekaker eg har smakt til no. Dette fortener eit bilete av ein som er glad i fyrstekake og som veit å finne fram på eit Guatemalakart.




I går var det familiedag på folkehøgskulen. Sidan eg ikkje hadde
besøk av egne foreldre, mora eg meg med å observere andre sine.
Her er eit bilete av foreldre som nyt synet av sine håpefulle i fri utfoldelse.




På folkehøgskulen kan det vere ganske idyllisk. Spesielt no når det nærmar seg sumaren.
Kor idyllisk er det ikkje å ha piknik på graset i sola (og ete rester av fyrstekake)?


Kor idyllisk er det ikkje å synge protestsongar på spansk akkompagnert av kassegitar?


Jau.

søndag 3. mai 2009

Skjør?

Eg ser for meg at kvar gong nokon les bloggen min tenkjer dei for seg sjølv; "Kvifor i alle dagar har denne halvgode bloggen tittelen 'Skjør!'?". Hadde eg vore ein utanforståande hadde eg vel tenkt det same. Dei fleste som har vore med frå byrjinga har forhåpentlegvis fått med seg at eg ikkje viser til adjektivet skjør, men nemninga skjør for surmjølk eller kefir. "Kva er så spesielt med det?", tenkjer vel du no. Ja då vert eg svar skyldig. Det er vel ikkje noko spesielt med dette ordet anna enn at det er eit av mine favorittord. Eg har trudd at dette var eit dialektord, men no ser eg at det stend oppført i ordboka. Kanskje nokon har andre variantar av dette ordet?

Elles kan eg vel ta med eit "bevinga ord" frå den nyerverva boka mi "Bevingede ord - 12000 littærere sitater, historiske ytringer, ordtak, talemåter, sentenser og fyndord".

Absque sudore et labore nullum opus perfectum est (uten svette og strev blir intet arbeid fullført)