måndag 11. oktober 2010

Siste nytt

Sidan eg kom med eit aldri så lite frampeik for ei tid tilbake, er det på tide å kommentere min nye heim.

Jau, Bjøringsøy tok ein halvtimes gåtur og hamna i Parallellen. Her vart han teken inn i varmen og sendt ned i kjellaren. Han fann seg til rette saman med dei åttebeinte og kunne ta til på ein ny æra i Ås-livet. I Parallellen vart det berre trivelegare og trivelegare til det heile kulminerte i etablering av markkompost. Bjøringsøy ser fram til å følgje utviklinga der, samt oppleve endå fleire gode stunder (og gode middagar) i Parallellen.

Sjølv om han trivast, og akkurat har sendt mor og far heim frå vitjing, gler han seg til å kome ein tur heim og sjå korleis det står til med geitene, jorda og Leira.




Innbyding til Bjørkebygd

I mellom høge vakre sunnmørsalpar
ein smal og langstrakt, blågrøn vestlandsfjord
Hit strøymer varme i frå Golfens straumar
og skjenker liv, ein bit av moder jord


Her finns eit lite, men så stort eit rike
for dei som saman kjemper hand i hand
Her finns det alt som fedrene har dyrka
av vørdsam jord og gamalt bondeland

Kom hit til oss og sjå naturens rikdom
kom hit å sjå når skogen haustgul står
Når mark og eng med grønt gjev håp om våren
og vinterkvitt, naturens krefter rår

Ja kom til Bjørkebygd, til fjord og dalar

så rikt på det som er vårt fedreland
Med plog og harv vert jorda nøysamt dyrka
eit folk med røter, seige sterke band

Slik er det skapt vårt fedreland på jorda
med smått og stort, det er vår heilagdom
Her fekk dei bryta jord og byggja landet

ei lat oss tyna slik ein rikedom

Kva er vel Noreg utan sine grender

så mange røter små gjer stamma sterk
Så stor ei synd kan ingen nordmann bera
å leggja aude gamle slekters verk

- Johnny Bjøringsøy


Så takk for denne gong, vonar det ikkje vert like lenge til neste!


laurdag 24. juli 2010

Javisst.



Då eg var liten
masa eg ofte på far min
om me ikkje kunne reise på ferie

Kvifor det?
svara han alltid
Me er då herifrå

torsdag 8. april 2010

På tide


Då var det på tide å lire av seg litt igjen. Eg burde sjølvsagt kome med skarpsindig kritikk på eit dagsaktuelt tema, men eg nøyer meg med eit lite ordtak.

Eg bryr meg ikkje, men mi mor ba meg spørre, sa guten, han fridde og fekk nei.

tysdag 9. mars 2010

fredag 22. januar 2010

For all del og takk til deg.


Det skal neimen ikkje vere greit! Men greit nok. Elles kan det vel nevnast at mangt og mykje kan vere i meste laget.

Forresten skal Bjøringsøy snart flytte. noko han gler seg voldsomt til.

Heisann!

søndag 10. januar 2010

Biomangfaldåret



Då erklærer eg verdas og Noregs biomangfaldår 2010 for opna!


Så får vi håpe denne luringen og resten av venene hans greier seg.

laurdag 2. januar 2010

Til fisk i havet.

Den dag kjem aldri

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for um eg søver, eg um deg drøymer.
Um nott og dag er du like nær,
og best eg ser deg når myrkt det er.

Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.

Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer:
Eg sprett frå stolen og vil meg té,
men snart eg sig atter ende ned.

Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d'er du som gjeng der og tuslar!
Når sumt der burte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d'er deg eg ser; deg i alt eg høyrer:
I song og fløyte- og felelåt,
men endå best i min eigen gråt.

- Aasmund Olavsson Vinje