søndag 15. januar 2012

Mjølk og golfbaner














Dette er ein gjeng med drøvtyggjarar. Sett vekk frå at dei utgjer eit særs godt selskap og truleg kan lære oss mykje om det meste, har dei (saman med kyr og sauer, som òg er drøvtyggjarar) ein fantastisk eigenskap; dei kan ete gras og gjere det om til menneskemat! Dette betyr at vi kunne ha produsert alt av kjøt og mjølk som vi treng frå norske ressursar. Men vi kan jo ikkje bruke alt grasarealet til matproduksjon, sjølvsagt. Alle forstår at vi må ha plass til kjøpesenter, firefelts motorvegar og ikkje minst golfbaner. Heldigvis har vi funne løysinga på dette, kraftforet! Medan vi tidlegare (gud forby!) måtte bruke av eigne ressursar for å produsere mat, kan vi no for halve prisen bruke andre sine, medan vi investerer mellomlegget i nye golfkøller. Tine har nyleg fornya mjølkekartongane sine. No får ein tydeleg beskjed om at mjølka ein kjøper er produsert i regionen ho er kjøpt. På heilmjølka frå austlandet, til dømes, er det idylliske bilete av kyr som beiter på norsk gras og bønder som fortel om garden sin under overskrifta "TineMelk fra gårder på østlandet". Men kvifor står det ingenting om kraftforet? Burde ikkje mjølkedrikkarane få vite at vi heldigvis kan bruke andre sitt ressursgrunnlag, slik at dei både får billeg mjølk og samstundes flusst av kjøpesenter, golfbaner og altfor breie vegar? Kanskje ikkje. Kanskje er det meir behagleg å lat dei leve i den tru at mjølka kjem frå norsk gras og ikkje brasiliansk soya og mais som hverken har noko i Noreg eller i drøvtyggarmagar å gjere. Det kunne vel tenkast at nokon kunne kome til å spørje om ikkje brasilianarane treng mat, dei òg. Det kunne vel tenkast at ikkje alle set golfkøller før mat, heller. Vi får spørje geitene.