torsdag 21. mars 2013

Forsvarstale for drøvtyggjaren

Når eg no endeleg kjem med eit lenge etterlengta innlegg her på Skjør, skal det nok ein gong handle om drøvtyggjarar. Eg har lenge irritert meg over maset om kor forureinande drøvtyggjarane våre er med sine metanutslepp. Men dråpen som fekk begeret til å renne over kom då eg høyrde ein representant frå Framtiden i Våre Hender på radioen anbefale kengerukjøt frå Australia framfor drøvtyggjarkjøt frå Noreg. Då vart eg så provosert at eg fyrst meldte meg ut av Framtiden i Våre Hender, før eg skreiv eit dikt til forsvar for drøvtyggjaren: 


Forsvarstale for drøvtyggjaren


No har det vorte so inderleg gale,
eg kjenner meg nøydd til å skrive ein tale, 
eit forsvar for storfe og smale.

Kloke hovud meiner dei veit, 
at no skal det ikkje lenger vere greitt
å heite korkje ku, sau eller geit.

Det er visst rapen og fisen som er saka,
dei tek for store stykkje av karbonkaka
(men den er det vel heilt andre som har baka?).

"Et bacon og kylling eller kengerulår,
så reddar du restane av kloda vår!"
Slike meldingar er det vi får.

Men bønder har visst i uminnelege tider
at drøvtyggjarane har sine fantastiske sider.
Dei nyttar det unyttbare betre enn dei fleste,
tryllar fram kjøt og mjølk frå det meste!

Nei, skuld ikkje Dagros for klimagassar,
medan me sjølve i olja vassar.
Me er glade i våre firbeinte drøvtyggjarvener,
gjev storfe og smale den respekt dei fortener.

(Diktet har tidlegare stede på trykk i Dag og Tid.)