fredag 21. august 2009

Bjøringsøy har forlete reiret.

Så tok endeleg den unge Bjøringsøy turen frå dei trygge omgivnadane i Hjørundfjorden*.
Skjebna ville det slik at han skulle havne i "agrarmetropolen" Ås som student ved Universitetet for Miljø- og Biovitenskap (UMB), tidlegare Norges Landbrukshøgskole (NLH). Etter å ha sove på stovegolvet til ymse bekjente, fekk han omsider innpass i det sagnomsuste Pentagon (her var UMB før ute med namnet enn USA), nærare bestemt Løa.



Her ser ein at Bjøringsøy har funne seg til rette på rommet.

Ein dag skulle Bjøringsøy vere sosial og gå ut på konsert med SkamBankt på samfunnet. Då slo det til med ei skikkeleg haglbyge med lyn og torden og mobiltelefonen hans strauk med. Dette førte til at han (noko motvillig) dagen etter måtte ta turen til storbyen for å handle inn nytt utstyr. Heldigvis var Surlien så storsinna at han tok hand om stakkars Bjøringsøy så han ikkje vart utsett for bakholdsangrep.

Elles har dei eit fint økolag på Ås som har laga ein hage i umiddelbar nærleik til Pentagon, kalla Karusellen. Der tenkte Bjøringsøy han skulle vere raus og by på si arbeidskraft og luke brennesler (på inste Hjørundfjord-dialekt "brennjenå/øt") i bedda. Til tross for aktiv hanskebruk måtte han slite med svidde hender resten av kvelden.

Forresten er eit godt kjerringråd mot brenneslesvie å gni såret med fuktig jord.

Det får vel vere nok for denne gong.




*Hjørundfjorden var tidlegare eiga kommune med i ei årrekke Johannes Bjøringsøy (Farfar åt John Inge Leira Bjøringsøy, red.amn) som ordførar, men vart i 1964 til store protestar slått saman med Vartdal og Ørsta til noverande Ørsta kommune.

tysdag 21. juli 2009

Endeleg.

Ja no har bloggturka mi vart i snart to månader. Dette er vel for gale seier du. Ja det kan eg skrive under på. Eg har lenge hatt lyst til å skrive blogginnlegg om dei store spørsmåla. Rette eit kritisk lys mot samfunnet vi lever i og så bortetter. Men sidan eg tydeligvis ikkje er laga for slikt, får eg skrive om dei små tinga, til dømes marssvinet Wilma.




Eg har fått i oppdrag å passe søskenbarnet mitt, Håvard, sitt marssvin Wilma. Wilma er ganske skvetten av seg. Ho er ikkje veldig glad i fysisk kontakt. Men hvis ein lurer ho og snik seg innpå bakfrå, får ein klappe ho på ryggen, noko som resulterer i høglydt maling. Elles er Wilma glad i høy og agurk. Til å begynne med hadde ho eit lite skjul inne i buret sitt, heilt til vi fann ut at det skulle hengast på utsida med høy i. Marssvin tóler ikkje kiwi og kål.

Men eg har ikkje berre passa marssvin i sommar. Eg har óg vore på tur i Nordland. Der traff eg nokre sauer.



Så var eg på Moldejazz, det var særs trivelig. Høgdepunktet må vere konsert med Daniel Herskedal og Leonard Cohen (ikkje saman). Elles vil eg rette ei stor takk til dei trivelige og sympatiske Oikos-jentene som ga meg (og andre) økologisk knekkebrød. Slike skulle det vore fleire av.

Jaja.

tysdag 9. juni 2009

Innleggsturke

Mange av dykk ventar kanskje på eit nytt spanande innlegg. Då må eg berre be dykk om å smørje dykk med tolmod. Inspirasjonen er ikkje på topp, men det er i kjømda.

Imedan de ventar kan eg orientere om tåa mi: Eg gjeng framleis på krykkjer, men sannsynlegvis gjeng alt etter planen og eg kan gå om to vekers tid.


For å gjere ventetida endå kortare legg eg ut eit artig bilete av meg og nokre krokodiller.

fredag 29. mai 2009

Farvel Inderøy

Ja då var det siste kvelden på Sund for denne gong. Takk for eit fantastisk år! Skjønar ikkje heilt alvoret i situasjonen her eg hinkar rundt og prøvar å pakke, men når eg kjem heim å får roa på meg tenkjer eg den ellers så kaldblodige Bjøringsøy fell ei tåre eller to..

søndag 24. mai 2009

Vesletåa mi



Denne gongen hadde eg planlagt lenge at eg skulle skrive eit innlegg med politisk bodskap. Eg skulle skrive om nedbygging av matjord kontra storstilt utbygging av kjøpesenter, og hadde gjort ein bråtemasse research på førehand. Men så vart eg litt vel ivrig når eg skulle springe berrføtt ut frå rommet mitt og kom til å bryte vesletåa på venstre fot. Så eg vel å spare samfunnskritikken til seinare, og held meg til mitt trivielle beinbrot.

Det tok som sagt til med at eg sprang på dørkarmen og slo tåa mi. Dette førte til at eg vart liggjande på golvet og bere meg åt. Så kom eg på at her kan eg vel ikkje ligge, og hinka meg inn på rommet. Etter å ha betrakta tåa når den verste smerta hadde gitt seg, kom eg til at den hadde ein eigendomleg utsjånad. Her var det fare på ferde..

Eg hinka meg ut i hallen og fekk auge på Braut. Ho er såpass ansvarleg at eg tenkte ho kanskje hadde råd å gi, så eg prøvde å stoppe ho. Men Braut tok meg ikkje alvorleg og sprang og peikte nase med meg haltande bak. Etter å endeleg ha fått stoppa ho, var ho veldig travelt oppteken, og ba meg ringe tilsynstelefonen, noko eg gjorde like etter.

Det førte meg fram til kokkelærlingen på kjøkenet som gav meg eit plaster og ein klapp på skuldra. Jaja, det gjeng vel over, tenkte eg og sette meg i hallen. Så kom Hefre og Øvre Helland til staden. Begge kunne konstatere at tåa ikkje såg ut som ho burde, så Øvre Helland sette i gong ein storstilt aksjon for å finne is å legge på. Til slutt kom ho med sjølvaste rektor Stenvig. Han gjorde ei rask kartlegging av situasjonen og gav ein detaljert plan for dei neste fire timane: Sitte med foten i vasken og kjøle ned tåa i rennande vatn til saman ein time, med intervall på ti minutt. Så eventuelt reise til legevakta dersom smertene ikkje hadde gitt seg. Og gå på krykker.

Så var det kveldsmat. Etter kveldsmat ringte eg til legevakta på Levanger og fekk beskjed om å kome i halv ti-tida. Halv ni var det konsert med Collectric Elective. Eg avtalte med Buverud (som spelar i Electivet) at han skulle køyre meg til Levanger etter konserten. Men når klokka nærma seg ti over ni, var konserten endå ikkje ferdig (det tek 25 minutt å køyre til Levanger). Bjøringsøy tok det heile med stoisk ro, medan Braut tok til å verte nervøs og tok han med ut på gangen. Ho tenkte ho skulle gjere opp for seg og skaffa bil og ville køyre han til sjukehuset. Etter litt problem med eit bensinlokk på Røra, var dei endeleg på veg til legevakta.

Når dei kom fram vart Bjøringsøy akkurat ropt opp. Så var det i gang, han vart sendt frå lege til røntgen til kirurgisk poliklinikk, heile tida med Braut på slep (eller var det kanskje omvendt..).

På siste stopp for dagen fekk dei sjå røntgenbilete (sjå Brautses blogg) og det viste seg at tåa var brota. Denne gongen måtte Braut sitte igjen medan Bjøringsøy vart med den litt ferske og nervøse legen inn på eit anna rom der det heile gjekk føre seg. Han fekk lokalbedøvelse i tåa og legen (under veiledning av "live" røntgenbilete) drog tåa ut, fekk den på plass og teipa den fast.

Så då har eg brote mitt første bein. Det er eg ganske stolt av.


Slik ser det ut når Solbu vikarierer for meg i indisk dans
(der eg skulle vere stjerna og midtpunkt).

søndag 17. mai 2009

Hurra!

Dette er Bjøringsøy som har fått eit gullbrød.

Øvre Helland og Braut har siste tida vore heller lite snille mot Bjøringsøy. Dei har plaga han over lang tid, og det heile kulminerte i at dei teipa han fast og mala han i andletet. Mot all formodning viste det seg likevel at dei to har eit samvit, så dei bestemte seg for å vere snille mot Bjøringsøy ein heil dag. Då fekk han både eit gullbrød og to marsipanroser for å bøte på skadene. Dette tykte Bjøringsøy var veldig god oppreisning for den urett som var voldt han, og tilgav dei begge umiddelbart.

Kanskje ikkje så lurt å tilgi desse to?

tysdag 12. mai 2009

søndag 10. mai 2009

Fyrstekake, foreldre og idyll


Eg har laga mi første fyrstekake. Det var veldig mykje enklare enn eg hadde trudd. I tillegg smakte den betre enn alle andre fyrstekaker eg har smakt til no. Dette fortener eit bilete av ein som er glad i fyrstekake og som veit å finne fram på eit Guatemalakart.




I går var det familiedag på folkehøgskulen. Sidan eg ikkje hadde
besøk av egne foreldre, mora eg meg med å observere andre sine.
Her er eit bilete av foreldre som nyt synet av sine håpefulle i fri utfoldelse.




På folkehøgskulen kan det vere ganske idyllisk. Spesielt no når det nærmar seg sumaren.
Kor idyllisk er det ikkje å ha piknik på graset i sola (og ete rester av fyrstekake)?


Kor idyllisk er det ikkje å synge protestsongar på spansk akkompagnert av kassegitar?


Jau.

søndag 3. mai 2009

Skjør?

Eg ser for meg at kvar gong nokon les bloggen min tenkjer dei for seg sjølv; "Kvifor i alle dagar har denne halvgode bloggen tittelen 'Skjør!'?". Hadde eg vore ein utanforståande hadde eg vel tenkt det same. Dei fleste som har vore med frå byrjinga har forhåpentlegvis fått med seg at eg ikkje viser til adjektivet skjør, men nemninga skjør for surmjølk eller kefir. "Kva er så spesielt med det?", tenkjer vel du no. Ja då vert eg svar skyldig. Det er vel ikkje noko spesielt med dette ordet anna enn at det er eit av mine favorittord. Eg har trudd at dette var eit dialektord, men no ser eg at det stend oppført i ordboka. Kanskje nokon har andre variantar av dette ordet?

Elles kan eg vel ta med eit "bevinga ord" frå den nyerverva boka mi "Bevingede ord - 12000 littærere sitater, historiske ytringer, ordtak, talemåter, sentenser og fyndord".

Absque sudore et labore nullum opus perfectum est (uten svette og strev blir intet arbeid fullført)

onsdag 29. april 2009

Våren


Ja no er våren komen. Då er det på tide å rive seg laus frå godstolen og kome i form igjen etter vinteren. Døme på aktivitetar er strikkhopping (som du ser her) og kubb. Eg er ikkje nokon driven hoppar, så når eg skal kose meg og mosjonere vert det helst til at eg tek fram kubbane.

Bjøringsøy
i aksjon
Andre aktivitetar ein kan bedrive er gitarspeling.
Men då må gitaren gjerne vere heil. Når det gjeld musisering er det vel pianoet eg taklar best. Der har eg bestemt meg for å ta opp igjen gamle kunster på den klassiske fronten, sidan denne jazzen har forpesta mine fingrar.



Sidan våren er her så tek det vel til å nærme seg sommaren òg. I sommar skal eg gå mykje på fjellet. Mjølke geiter skal eg og gjere. Samt lese bøker, vere kyrkjeorganist og fiske. MEN: Når sommaren nærmar seg, nærmar også siste dag på Inderøya seg, noko som heilt sikkert kjem til å verte svært svært trist og vemodig. Derfor får eg gjere det beste ut av tida som er igjen og spele kubb for harde livet.


Hastverk er lastverk, sa snigelen, han brukte tre dagar på å kravle over dørstokken og datt til slutt ned og braut eit lårbein.



måndag 27. april 2009

måndag 20. april 2009

Sykkelen

Ein sykkel kan vere god å ha.
Det tykkjer i alle høve eg.

fredag 17. april 2009

torsdag 16. april 2009

Ordspråk


Sidan eg har gått til innkjøp av eit flunkande nytt ordspråkleksikon, skal eg starte ein ny føljetong her på Skjør. Dagens ordspråk.
I dag:
"Jaja sa mannen, og så sa han ikkje meir den dagen".

tysdag 14. april 2009

Stopp Goliat!


Dette er ein veldig fin banner. Eg har mala enkelte av bokstavane. Den banneren freistar å gje ein bodskap om at me ikkje må finne på å bore etter olje lenger nord enn vi har gjort hittil. Eg tykkjer banneren seier det på ein bra måte.


Dette er Ingvild. Ho er veldig flink til å protestere mot oljeboring og andre ting. Men ho er også god på det som ikkje har med protestering å gjere, til dømes likar ho å ta bilete med kameraet sitt og er flink å synge.

Dette er Hallvard. Han er óg flink til å protestere mot oljeboring. Han er ofte å finne i Inderøyningen og andre aviser. Likeeins som Ingvild, er Hallvard flink til andre ting. Han er svært dyktig til å få glasbrot i auget. Hallvard har også nettopp lært seg å spele piano, noko han har stor glede av. Han har eit piano i fjøsen som ikkje er ein fjøs.

Nyttige lenkjer:
Argument mot olje i nord
www.stoppgoliat.no
Folkeaksjonen oljefritt Lofoten og Vesterålen


måndag 6. april 2009

Dagens ord: Fjondre

No er det lenge sidan sist eg presenterte eit dialektord. I dag har eg valgt ut ordet "fjondre". Nok ein gong eit ord eg ikkje har høyrt andre stadar enn i heimen (noko som sjølvsagt nødvendigvis ikkje betyr at det ikkje vert brukt av andre). "Fjondre" vert brukt t.d. når ein unge skal legge seg, men har masse små, unødvendige ting han skal gjere før han kjem til det å legge seg. Då er desse små "aktivitetane" "fjondre" (merk: "fjondre" er fleirtalsform og såvidt som eg veit vert det ikkje brukt i eintal). "Du he so mykje fjondre føre dej, so no kjøme me vel forseint te rutebåten!". Andre tydingar av ordet er velkomne!

fredag 3. april 2009

Vår, ved og varme


Ja no nærmar det seg våren.
Med våren kjem varmen.
Vil vi ha varme høgg vi ved.
Høgg vi ved vert vi varme.
Slik er visa.

Tida vil vise.
Kven som vert varmast.
Av veden og meg.


tysdag 17. mars 2009

Avis

Eg tykkjer det er kjekt å lese i avisa. Der kan eg lese mykje rart. Både slikt som eg ikkje likar og slikt som eg jublar for. Av og til er det óg noko eg ikkje forstår. Det kjekkaste er å lese lesarinlegg der skribenten er einig med meg. Då sit eg og smiler medan eg les avisa. Skulle ønske eg skreiv lesarinnlegg oftare, då eg er ueinig med det meste som kjem på trykk.