måndag 11. oktober 2010

Siste nytt

Sidan eg kom med eit aldri så lite frampeik for ei tid tilbake, er det på tide å kommentere min nye heim.

Jau, Bjøringsøy tok ein halvtimes gåtur og hamna i Parallellen. Her vart han teken inn i varmen og sendt ned i kjellaren. Han fann seg til rette saman med dei åttebeinte og kunne ta til på ein ny æra i Ås-livet. I Parallellen vart det berre trivelegare og trivelegare til det heile kulminerte i etablering av markkompost. Bjøringsøy ser fram til å følgje utviklinga der, samt oppleve endå fleire gode stunder (og gode middagar) i Parallellen.

Sjølv om han trivast, og akkurat har sendt mor og far heim frå vitjing, gler han seg til å kome ein tur heim og sjå korleis det står til med geitene, jorda og Leira.




Innbyding til Bjørkebygd

I mellom høge vakre sunnmørsalpar
ein smal og langstrakt, blågrøn vestlandsfjord
Hit strøymer varme i frå Golfens straumar
og skjenker liv, ein bit av moder jord


Her finns eit lite, men så stort eit rike
for dei som saman kjemper hand i hand
Her finns det alt som fedrene har dyrka
av vørdsam jord og gamalt bondeland

Kom hit til oss og sjå naturens rikdom
kom hit å sjå når skogen haustgul står
Når mark og eng med grønt gjev håp om våren
og vinterkvitt, naturens krefter rår

Ja kom til Bjørkebygd, til fjord og dalar

så rikt på det som er vårt fedreland
Med plog og harv vert jorda nøysamt dyrka
eit folk med røter, seige sterke band

Slik er det skapt vårt fedreland på jorda
med smått og stort, det er vår heilagdom
Her fekk dei bryta jord og byggja landet

ei lat oss tyna slik ein rikedom

Kva er vel Noreg utan sine grender

så mange røter små gjer stamma sterk
Så stor ei synd kan ingen nordmann bera
å leggja aude gamle slekters verk

- Johnny Bjøringsøy


Så takk for denne gong, vonar det ikkje vert like lenge til neste!