torsdag 19. februar 2009

Dagens ord: Ofjelge/Ofjelgt


Når ein føler seg "ofjelge", så er ein litt uvel, eller redd. Dersom noko er "ofjelgt", så er det skummelt eller ekkelt. "Hanj va so sente at ej vart rett ofjelge". Ej syns det e ofjelgt å vere borti stabbura åleine ti mørkna".

4 kommentarer:

  1. Kjekt med fleire slike ord. Det e'kje ofjelgt i det heile tatt !
    Denne er vel grei å "analysere".
    Fjelgt tyder varmt. Når det då er ofjelgt (ufjelgt), så er det med andre ord kaldt. Kaldt har då ei negativ tyding i denne samanhang.
    Takk for gode ord. Vi ventar på fleire !

    SvarSlett
  2. Ja det skal vere visst! Finnast det eit tilsvarande ord der varmt (altså fjelgt) vert brukt positivt?

    SvarSlett
  3. Eit samansett ord der fjelgt har positiv tyding, kjem eg ikkje på. Men ordet fjelgt er positivt i seg sjølv. Verbet "å fjelge" var mykje brukt. "Å fjelge sej litt attme omna", "å fjelge opp litt mjølk" er typiske eksempel. Det vart og brukt om å vere sint: "Då vart ej fjelge !" (Då vart eg sint). "Anj va åt å verte fjelge" (Han byrja å verta sint).

    SvarSlett