tysdag 14. april 2009

Stopp Goliat!


Dette er ein veldig fin banner. Eg har mala enkelte av bokstavane. Den banneren freistar å gje ein bodskap om at me ikkje må finne på å bore etter olje lenger nord enn vi har gjort hittil. Eg tykkjer banneren seier det på ein bra måte.


Dette er Ingvild. Ho er veldig flink til å protestere mot oljeboring og andre ting. Men ho er også god på det som ikkje har med protestering å gjere, til dømes likar ho å ta bilete med kameraet sitt og er flink å synge.

Dette er Hallvard. Han er óg flink til å protestere mot oljeboring. Han er ofte å finne i Inderøyningen og andre aviser. Likeeins som Ingvild, er Hallvard flink til andre ting. Han er svært dyktig til å få glasbrot i auget. Hallvard har også nettopp lært seg å spele piano, noko han har stor glede av. Han har eit piano i fjøsen som ikkje er ein fjøs.

Nyttige lenkjer:
Argument mot olje i nord
www.stoppgoliat.no
Folkeaksjonen oljefritt Lofoten og Vesterålen


5 kommentarer:

  1. Dyp den der, som å stirre inn i eit hav.

    SvarSlett
  2. ååååh..
    eg likte dette innlegget :)

    SvarSlett
  3. Slike skikkelege demonstrantar som de, som demonstrerer mot ei slik uskikkeleg regjering, gjer det godt å vite at finst.

    SvarSlett
  4. Det gjer godt å vite at det er nokon som likar demonstrantar óg ;)

    SvarSlett