tysdag 21. juli 2009

Endeleg.

Ja no har bloggturka mi vart i snart to månader. Dette er vel for gale seier du. Ja det kan eg skrive under på. Eg har lenge hatt lyst til å skrive blogginnlegg om dei store spørsmåla. Rette eit kritisk lys mot samfunnet vi lever i og så bortetter. Men sidan eg tydeligvis ikkje er laga for slikt, får eg skrive om dei små tinga, til dømes marssvinet Wilma.




Eg har fått i oppdrag å passe søskenbarnet mitt, Håvard, sitt marssvin Wilma. Wilma er ganske skvetten av seg. Ho er ikkje veldig glad i fysisk kontakt. Men hvis ein lurer ho og snik seg innpå bakfrå, får ein klappe ho på ryggen, noko som resulterer i høglydt maling. Elles er Wilma glad i høy og agurk. Til å begynne med hadde ho eit lite skjul inne i buret sitt, heilt til vi fann ut at det skulle hengast på utsida med høy i. Marssvin tóler ikkje kiwi og kål.

Men eg har ikkje berre passa marssvin i sommar. Eg har óg vore på tur i Nordland. Der traff eg nokre sauer.



Så var eg på Moldejazz, det var særs trivelig. Høgdepunktet må vere konsert med Daniel Herskedal og Leonard Cohen (ikkje saman). Elles vil eg rette ei stor takk til dei trivelige og sympatiske Oikos-jentene som ga meg (og andre) økologisk knekkebrød. Slike skulle det vore fleire av.

Jaja.

7 kommentarer:

  1. fin sau. og fint marsvin. og fint innlegg -og på en måte kan du indirekte si at innlegget er en kritikk av samfunnet, fordi samfunnet, eller enkelte fløyer i befolkningen verdsetter de små ting for lite. :)

    SvarSlett
  2. Tihi:) Eg synst det var eit eksepsjonelt innlegg eg:) Einaste eg saknar er nokre rare ord, men det er vel berre meg, sidan eg er naboen til Ivar.

    Jippi, eg er så einig i høgdepunkt på jazzen, men må legge til Atomic! Og lurer fornærma på kvar du var under diverse alexandrapark-konsertar... ??? ;)

    SvarSlett
  3. Til Ingvild: Bra.
    Til Hallvard: Takk for at du ser mine djupare hensikter med dette innlegget.
    Til Ingrid: rart ord: greinaløyse. Og når det gjeld parken så, kremt, eeh, altså, du veit. Det er rart med det.. Når ein.. ja. nei, altså ; + ´k11!3$/(., ,.a

    SvarSlett
  4. Dette er eit relativt drøyt politisk innlegg med ei mørk undertone. Men fint. Fnis. Hihi.

    Eg gler meg til Keith-innlegget!

    SvarSlett
  5. Jeg tror helstekt Wilma smaker godt!

    SvarSlett
  6. Klotrup, no tykkjer eg du går langt over streken.

    SvarSlett