fredag 30. januar 2009

Å kalle eit spadetak for takspade



Eg har vore på Noregs geografiske midtpunkt. Mange stadar har gjennom tidenes løp prøvd å utrope seg sjølve som Noregs midtpunkt. Men dersom ein skal følgje internasjonale spelereglar for korleis ein reknar ut slikt, endar ein opp med eit punkt ved Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark i Steinkjer kommune. Der ligg Noregs arealtyngdepunkt, altså der du må halde fingeren for å balansere Noreg (med dertilhøyrande øyar).




Så kva finn ein på Noregs midtpunkt? Jau etter å ha gått i timesvis longs ein takpappbelagt bjelke, så finn du ein bauta med ein plakett, samt ei spade hengjande på ein staur.

1 kommentar:

  1. Spennande rapport med eit godt jazzmotiv om arealtyngdemidtpunkt! God tur vidare!

    SvarSlett