søndag 18. januar 2009

Skjør?

Kva er skjør? Skjør kan vere så mangt, men eg siktar vel helst til meieriproduktet. Dei fleste kallar det vel surmelk eller kulturmelk eller kefir. Men på søre sunnmøre kallar vi det altså skjør, helst med ropeteikn: Skjør! Uttalen er noko sånt som: sjkjør. Dette er eit av mine favorittord/uttrykk saman med ja, nei og andre. Kanskje eg skal ha eit ord/uttrykk-som-eg-likar-tema. Ja det skal eg.

5 kommentarer:

  1. Skjør er gode saker! Er du litt sjaber eller frostig ein kveld, så prøv med fjelga skjør og honning, d.v.s. varm skjøret opp ein grann og rør inn honning (men OBS! OBS! verdien av honning blir øydelagd om tempen blir for høg). God bedring!

    SvarSlett
  2. Det skal vere visst! Fjelgar skjør skal eg prøve. Har du prøvd skjør blanda med vatn på ein sumarsdag? Ypperleg tystedrikk!

    SvarSlett
  3. Fjelga skjør om vinteren, skjør blanda med vatn om sommaren - skjør er tingen, hugs det, de juiceprodusentar! Men måte med alt. Ein varm sommar eg skulle jobbe hos slekta, sette tanta mi fram ei bytte med skjør i kjellaren som eg kunne ha til drikke. Eit under at vomma heldt!

    SvarSlett
  4. Eg skulle hatt både fjelga skjør og skjørblende her eg sit! Er ikkje lett å organisere ein tre-vekers lang turné.

    SvarSlett
  5. Skjørskjelta fås når du fryser så du hakker tenner.
    Helsing S Jorsalfar

    SvarSlett