søndag 1. mars 2009

Dagens ord: Ålkestøyte


"Anj snubla so anj hildt på å ålkestøyte sej!"
Dette ordet vert hyppig brukt innafor husets fire veggar i Jensagarden, men eg har ikkje høyrt det frå nokon andre. Eg kan heller ikkje finne det i "Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"".
Kan det ha noko med fuglen alke å gjere? Kanskje er den spesielt ustø og dersom ein snublar, støyter ein seg bortover som ein alke.

3 kommentarer:

  1. Dette ordet er godt kjent frå min barndom. Her er vi inne på halvemålet. 'Ålke er halvemål for hålke. Hålke betyr glatte. Hålt=glatt.
    Hålkestøyte, på halvemål, ålkestøyte, vil sei å dette på glatta.

    SvarSlett
  2. Aha, takk for oppklarande svar i reinaste Sylfest Lonheim-stil! "Anj" er vel også halvemål for "hanj" då, eller kva?

    SvarSlett
  3. Jaudå, "anj" er halvemål for "hanj" ja. Det var vanleg å trekkje frå eller legge til bokstaven h i halvemålet.
    No ventar vi spent på neste ord !

    SvarSlett