
"Anj snubla so anj hildt på å ålkestøyte sej!"
Dette ordet vert hyppig brukt innafor husets fire veggar i Jensagarden, men eg har ikkje høyrt det frå nokon andre. Eg kan heller ikkje finne det i "Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"".
Kan det ha noko med fuglen alke å gjere? Kanskje er den spesielt ustø og dersom ein snublar, støyter ein seg bortover som ein alke.
Dette ordet er godt kjent frå min barndom. Her er vi inne på halvemålet. 'Ålke er halvemål for hålke. Hålke betyr glatte. Hålt=glatt.
SvarSlettHålkestøyte, på halvemål, ålkestøyte, vil sei å dette på glatta.
Aha, takk for oppklarande svar i reinaste Sylfest Lonheim-stil! "Anj" er vel også halvemål for "hanj" då, eller kva?
SvarSlettJaudå, "anj" er halvemål for "hanj" ja. Det var vanleg å trekkje frå eller legge til bokstaven h i halvemålet.
SvarSlettNo ventar vi spent på neste ord !