søndag 10. mai 2009

Fyrstekake, foreldre og idyll


Eg har laga mi første fyrstekake. Det var veldig mykje enklare enn eg hadde trudd. I tillegg smakte den betre enn alle andre fyrstekaker eg har smakt til no. Dette fortener eit bilete av ein som er glad i fyrstekake og som veit å finne fram på eit Guatemalakart.




I går var det familiedag på folkehøgskulen. Sidan eg ikkje hadde
besøk av egne foreldre, mora eg meg med å observere andre sine.
Her er eit bilete av foreldre som nyt synet av sine håpefulle i fri utfoldelse.




På folkehøgskulen kan det vere ganske idyllisk. Spesielt no når det nærmar seg sumaren.
Kor idyllisk er det ikkje å ha piknik på graset i sola (og ete rester av fyrstekake)?


Kor idyllisk er det ikkje å synge protestsongar på spansk akkompagnert av kassegitar?


Jau.

3 kommentarer:

  1. du var god på fyrstekaken. og forresten så e det faktisk belize, tobacco caye du peker på. :)

    SvarSlett
  2. Takk :) Ja, eg veit sjølvsagt kva eg peikar på..

    SvarSlett
  3. folkehøgskulen snart over, akk, blir litt vemodig sjølv eg.

    SvarSlett