Ja det kan de godt spørje dykk om.. Sett vekk frå små drypp, har ikkje Bjøringsøy røpa noko om sin livsførsel sidan byrjinga av september. Uhørt!
Så her kjem litt så de kan kose dykk med ei stund:
Dei oppvakte og gløgge av dykk har vel fått med seg at han held hus på Ås. Hus og hus, fru Blom, seier vel nokre, men hus er det.
På Ås har han funne seg godt til rette og prøvar å studere så hardt han kan. For tida går det i matematikk, ex.phil, mikroøkonomi og zoologi.
Neste haust brakar det laust med UKA i Ås 2010 med dertilhøyrande UKErevyen. Der har Bjøringsøy vore så heldig at han har fått jobben som klangsjef, altså ansvarleg for at revyen har eit orkester og ein musikk. Dette gledar han seg over, og det vil nok kome fleire oppdateringar etterkvart som arbeidet skrid fram.
Elles vert det Københavntur i desember i høve klimatoppmøtet som skal vere der. Det vert vel stas. Ja.
I helga var det heimtur. Då vart det både fårikål, hjortegryte og det som verre er. Det heile vart sjølvsagt toppa med kyrkjekaffi på bedehuset.
Då får det vel vere nok for denne gong. Eventuelle spørsmål kan meldast inn enten via post (PB 1025, 1432 ÅS) eller via elektronisk post (johningen@gmail.com)
Mini Cooper S 2004 Supercharger
-
2006 06 mini cooper s 1.6 supercharged 6spd checkmate 170bhp 12months mot
px ! The eaton m45 supercharger is normally rated for 100,000 miles, but
many ...
for 4 år siden
Hei John Inge! Jo takk, Mario var suksess. Jeg fortalte forresten Rastaman at masken hans var litt vel.. ja, lite skremmende, men han påsto hardnakket hvor nifst det var med nesevarmer. Beats me.
SvarSlettJa du Bjøringsøy, du Bjøringsøy ! Du er ein aktiv og allsidig kar. Frå klimatoppmøte i København og studentrevy på Ås, til kyrkjekaffi på Bjørke.(Eller omvendt) Og midt opp i det heile, knallharde studier for å verte ein lærd mann. Du må ikkje slite deg ut heller ! Men det var kjekt å ha deg heime nokre dagar...
SvarSlettJa, gildt å treffe deg John Inge, og få slå av ein prat om studier og slikt. Køben vil vel by på anna kost enn ein roleg kyrkjekaffi på Bjørke, - det kan sikkert bli eit ruskje oppflot, og eit viktig minne! God tur, kanskje du treffer katten og grisen og hanen som delegatar frå nabofylket i sør. I så fall må du helse!
SvarSlettHastemelding frå han gut president i Kvitehuset nett her i stad: Viss ikkje folk på Nordvestlandet har lært å skilje mellom gås og gris, gir eg allereie no opp å ta den påtenkte turen til Copenhagen. I klartekst: Eg må be Jakob Sande om orsaking, og også grannefylket i sør: Grisen var slett ikkje med i den omtalte delegasjonen til København. Det var GÅSA, katten og hanen som drog i veg. Var det ikkje?
SvarSlettjaja sånn går det når man begynner med økonomi. har ikke tid til de små ting i livet som å blogge, tid er penger vet dere. kostnadseffektivitet.
SvarSlettuhørt.. eg syns du skal legge ut fleire bilder på vevsloggen din.
SvarSlettjau!
Einig med Braut, eg vil ha puppar og blod!
SvarSlett